Førre helg var det kvinnestemne i Douentza. Til saman var det 38 betalande deltakarar frå ulike delar av Mali. Av dei var ca 25 fulanidamer frå ulike MELM-samanhengar. Undervisninga vart gjeven av ei fulanidame frå Segou og misjonær Maryama Idris frå Niger. Dei underviste blant anna om kvinna si rolle i og utanfor familien, samt ein del praktiske ting i forhold til å oppdra born. Ca noko slikt (av naturlege årsaker var eg ikkje personleg til stades). Kvinnestemnet kom i stand etter initiativ frå nokre av kvinnene i kyrkjelyden i Douentza, og dei stod sjølve for mykje av planlegginga og leiinga av arrangementet.
Tilbakemeldingane frå deltakarane på stemnet var svært gode. Kulturelt sett gjev eigne kvinnesamlingar kvinnene muligheiter til å vera mykje meir aktive enn om det hadde vore menn til stade. Slik sett kan det synast som om stemnet trefte eit behov hjå kvinnene. Me held no på å diskutera om dette bør verta eit årleg arrangement eller ikkje. Under ser du bilete frå den avsluttande gudstenesta på sundag.

5 kommentarer:
Det er jo nettopp på slike steder du må være! Øyvind
:-)
Du som skriver om viktige happenings i Douentza, bør ikke 17. mai feiringen også være med?? Hipp hipp hurra!:)
Heisann Frode!
Jeg fikk ikke til å åpne mailadressen din, så da må det bli hilsen her.
Du var skikkelig stilig i det grønne hodeplagget :) Håper du har det bra. Kommer du hjem til sommeren? Her har vi det bra - koser oss med pinse og flott vær. Og forresten Brann vant siste kampen - mot Molde. Hipp hurra. klem fra Siv
Kjære Siffen!
Det var lenge sidan. Siste gangen eg såg deg var på fjernsyn trur eg. Det var kjekt det, men det er jo endå hyggelegare å treffast live. Eg kjem heim 20 juni og vert heima fram til ca 15 august. Mesteparten av tida vert eg nok på Austrheim, med nokre turar til Bergen innimellom. Det hadde vore kjekt å treffast. Du må helsa Nils Ivar!
Frode
Legg inn en kommentar