Denne veka var eg på eit offentleg kontor her i Douentza, for å spørja om me kan få leiga ein skule til fulanileiren me skal arrangera i nyttårshelga. Mannen eg skulle snakka med var ute, så eg vart sittande å venta inne på sekretæren sitt kontor.
Den eine av dei to andre som var der hadde høyrt om Noreg. Han visste at det er langt mot nord, og meinte å vita at hovudstaden i Noreg er Helsinki. Han visste at av og til er det ikkje sol i heile tatt i Noreg, og at det er veldig kaldt der. Eg fortalte at samanlikna med Mali er det kaldt, og at varmetida i Noreg er kaldare enn kuldetida i Mali. Dei to menna diskuterte forundra korleis det går an å leva på ein slik stad. ”Korleis i all verda bygger de hus der?” ”Av tre, seier du?” ”Er ikkje det kaldt?” Så fortalte den eine av dei at han ein gang hadde besøkt Frankrike. Då han reiste frå Mali var det 45 grader. I Frankrike var det 0 grader. ”Det var så kaldt!”, sa han, ”eg fraus heilt inn i magen!” Den andre rista på hovudet og meinte at han aldri ville overlevd i eit slikt klima. Dei to konkluderte med at dei er heldige som lever i Douentza. Her er det ikkje ufyseleg kaldt som i Noreg. Her er det ikkje berre ørken og tørt slik som det er i Nord-Mali. Samstundes er det ikkje fullt av trær som tek bort all utsikten og gjer at du føler deg innesperra, slik som det er i Sør-Mali. Her i Douentza er det akkurat passe. Borte bra, men heima best, med andre ord.
Det er kjekt å møta folk som er glade i heimplassen sin, og nøgde med den staden dei bur. Samstundes har desse to fast jobb og inntekt. Blant dei som ikkje er så heldige er det mange som reiser ut av Mali for å prøva å tena pengar. Ein god del ønskjer seg til Europa, men arbeidsutvandrarane frå Douentza reiser stort sett til Ekvatorial Guinea i Sentral-Afrika. Kva dei jobbar med der har eg ikkje klart å finna ut, men på dei nye husa som vert bygd i Douentza er det tydeleg at det er ein del som tener gode pengar der.
tysdag 26. oktober 2010
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
7 kommentarer:
Hello, My name is Bogdan from Romania!
My blog address is: http://bogdanstelistul.blogspot.com/
Can we be friends??
Thank you!!
For those who do not understand use Google Translate (top right) and select your language!!!
I en av Alexander McCall Smith sine lesverdige bøker om Botswanas No.1 Ladies Detective Agency, så står det noe flott. "Landskapet der du er vokst opp blir gravert inn i hjertet ditt, og du vil alltid lengte tilbake dit, uansett hvor i verden du måtte befinne deg". Det er det mye sant i!
En artig hverdags opplevelse du deler Frode!
Og dine "sambygdinger" i Ekvatorial- Guinea, de jobber ikke i oljeindustrien? Det lille landet har en enorm boom for tiden. Derfor skal de arrangere afrikamesterskapet i fotball neste gang, sammen med Gabon, hvor det også er mye olje, og en BNP/innbygger som i Portugal...
Hei Inge,
Takk for kommentaren! Eg og har lurt på om mine "sambygdingar" er involvert i oljeindustrien i Ekvatorial-Guinea. Samstundes så virkar det ikkje som dei treng så høg utdannelse for å tena pengar der. Men det folk pleier å svara når eg spør kva dei jobbar med er at dei driv med handel.
Mvh
Frode
Interessant artikkel. For øvrig mye arbeidsmigrasjon fra Mali til Elfenbenskysten. Den triste delen av dette er barneslaveri i kakaoindustrien.
Vest-Afrikanere er generelt gode på handel, og det er ikke usannsynlig at det er det de gjør. Kanskje kjøtt, kanskje gull, det kan være illegal virksomhet eller vareimport fra Midtøsten/Europa. Fra Ragnhild M.
Hei Ragnhild,
Ei anna interessant problemstilling i forhold til arbeidsmigrasjon, er at pengane som vert sendt heim frå Ekvatorial-Guinea gjer at tomte- og husprisane har auka drastisk i Douentza. Pengane gjer livet enklare for dei familiane det gjeld. Samstundes gjer det ting vanskelegare for dei som ikkje har nokon i familien som har reist ut for å tena pengar.
Frode
Hei Frode! Ønskjer deg ei god jul, og så håpar eg de får ei flott nyttårsfeiring på fulanileiren!
Eg var på gudsteneste i BIC i går kveld, på den årlege "carol service" med blåsegruppe - denne gong var eg med som musikant, på tuba. Så no har eg blåse jula inn.
Guds fred!
Hei Frode
Din blogg er en av mine favorittbloggger. Finn gjerne tid til å fortelle om dagligliv og arbeid og del gjerne flere refleksjoner. Mer, mer, mer så ofte som internet fungerer. Satadig flere menigheter her i området har startet misjonsavtaler for Mali. Senest Riska og Gand. De vil suge til seg atl det som kommer på bloggene deres. Stå på!!! Skulle gjerne ha kommet tilbake til vakre Mali en gang!
mvh Terje
Legg inn en kommentar