tysdag 18. oktober 2011

Glimt frå evangeliseringsarbeidet

Arbeidet med å gjeva evangeliet til fulaniar i Mali har tre ulike fasar. Den første fasen handlar om å byggja venskap og tillit og å læra meir om folk, kultur og samfunn. Eit døme på ein slik kontakt er B.:

B. er ein ung fulanigut frå ein familie der mange har høgare utdanning. Sjølve er han interessert i datamaskiner og håpar ein dag å reisa til Bamako og studera informatikk. Ein periode gjekk han av og til i ei pinsekyrkje fordi han var nysgjerrig på dei kristne, men etter at ein nabo varsla faren har han halde seg vekke frå kyrkja. No går B. mykje på besøk til misjonærane i byen sin, og synest det er veldig spanande å prata med folk som kjem frå ein annan del av verda. Han synest også det er kjekt å få fortelja om heimlandsbyen sin, den store kufesten som vert arrangert kvart år, om forfedrane sine og den store slekta si. Av og til inviterer han misjonærane heim til seg, slik at dei får drikka te og prata med foreldra og brørne hans. På den store muslimske sauefesten inviterer B. misjonærane til å feira festen saman med han og familien.

I Mali er det alltid naturleg å dra Gud og religion inn i ein samtale. Med nokon av kontaktane våre vert det etter kvart også naturleg å lesa frå Bibelen saman eller å be for utfordringar og problem dei står oppe i. Eit døme på ein slik kontakt er M.A.:

M.A. har studert i 9 år på det mest prestisjefulle religiøse universitetet i den muslimske verda. Han snakkar flytande arabisk og engelsk, i tillegg til fulani. Heime i det enkle jordhuset hans ligg moderne arabiske tidsskrift synleg framme. Han har besøkt både Sinai-fjellet der Moses fekk dei 10 bod, og Mekka og Medina. Etter 9 års religiøse studier fekk M.A. nok, spesielt i møte med rasisme i den arabiske verda. Etter at faren døyde flytta han attende til heimbyen sin i Mali, der han prøver å finna arbeid. Her har han blitt kjent med ein kristen fulani, som igjen har introdusert han for ein misjonær som har tatt seg bryet med å læra språket hans. M.A. ønskjer å forstå meir av kva dei kristne trur på, og spurte difor misjonæren om han kunne få ein Bibel på engelsk. Hausten 2011 fekk han til sin store glede ei hebraisk – engelsk utgåve av Det Gamle Testamentet, og ei gresk – engelsk utgåve av Det Nye Testamentet. Han har også fått fleire skrifter frå Bibelen på fulani.

Den tredje fasen i å gjeva evangeliet vidare, er å gjeva ei meir systematisk bibelundervisning til dei som ønskjer det. Eit døme på dette er M.:

M. er gift med han som både er landsbysjef og imam i landsbyen der ho bur. Via kjentsfolk traff ho ein misjonær, og ho ville gjerne høyra historiar frå Bibelen. Historia frå Edens hage, når alt var godt og det ikkje fantes sjukdom og død og slit og tørr jord, gjorde sterkt inntrykk på M.. Det var som om M. aldri kunne få nok av bibelhistoriane. Ho syntes alltid undervisninga misjonæren hadde førebudd var for kort. Våren 2011 fekk ho undervisning om dåpen, og var fast bestemt på at ho også ville verta døypt i Jesu namn. Misjonæren sa at dei først måtte snakka med ektemannen hennar, for å høyra om han aksepterte at kona vart døypt. Dei forklarte både kona og ektemannen at dåp blant anna tyder at M. går på Jesus sin veg og ikkje på Muhammed sin veg. Ektemannen respekterte kona sitt ønskje om dåp. Påsken 2011 vart difor ein stor fest i kyrkjelyden, der M. vart døypt med ektemannen til stade under gudstenesta.

I løpet av mine 3 år i ein liten fulanikyrkjelyd har me hatt 12 dåp: 3 vaksne og 9 born frå 0 – 12 år. Me klarar ikkje å følgja opp alle som ønskjer bibelundervisning. Takk for all støtte og forbønn til dette viktige arbeidet med å gjeva evangeliet vidare til fulaniar i Mali!

1 kommentarer:

Ingvald Andersen Frøyen sa...

Flott og informativ tekst som lar oss forstå hvor individuelt arbeidet må være og hvor tidkrevende det er.